For å søke om tilskot til spelemidlar til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, må du først søke kommunen om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.
Det er berre eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane.
Målgrupper:
• born (6-12 år) og ungdom (13-19 år)
• personar som er fysisk inaktive og personar med nedsett funksjonsevne
• lokalmiljø
Anlegg:
Ordinære anlegg er anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Anlegget må vere ein del av ei vedteken kommunal plan.
Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg for eigenorganisert, fysisk aktivitet i nærmiljø for born og ungdom og lokalbefolkninga. Anlegget skal vere ope for alle.
Idrettsanlegget skal oppfylle krava til universell utforming.
Anleggseigar sine plikter:
- å halde anlegget ope for allmenn idrettsleg verksemd i 30/20 år (ordinært-/nærmiljøanlegg) frå anlegget er ferdigstilt. Anlegget skal drivast på årsbasis (sesongbasis for idrettar som har kortare sesongar).
- å halde anlegget i god stand. Dei gjeldande tryggleiksforskriftene skal følgjast.
Spelemidlar kan ikkje omdannast til forteneste. Eit eventuelt overskot skal tilfalle idrettslege føremål.