Informasjon
Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve.
Salsløyve gjeld for drikke med mindre enn 4,7 volumprosent alkohol.
Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.
Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode. Alle salsstader må søkje på nytt kvart 4. år.
Alkohollova
Styrar og stedfortredar
For å få salsløyve etter alkohollova må det setjast inn ein styrar og ein stedfortredar for løyvet. Desse må ha bestått kunnskapsprøve etter alkohollova. I tillegg må dei vere tilsett i verksemnda eller arbeide der i karaft av eigarstilling. Dei må ha godkjent vandel og vere over 20 år.
Krav om vandel
Løyvehavar og personar som har vesentleg påverknad på verksemda, må ha vist uklanderleg vandel etter alkohollova og føresegner i andre lover som har samanheng med alkohollova sitt formål (t.d.: straffelova, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion.) og skatte- og avgifts- og rekneskapslover.
I vurderinga av om ein person har vesentleg påverknad på verksemda, kan det også taksast omsyn til personen sine nærståande sin påverknad på verksemda. Med nærståande meinast:
1) ektefelle eller person som vedkommande bur saman med i ekteskapsliknande forhold,
2) slektningar i rett oppstigande eller nedstigende linje og søsken,
3) ektefelle til person som nemnt i nr. 2, eller person som bur i ekteskapsliknande forhold saman med person som nemnt i nr. 2.
Styrar og stedfortredar må ha vist uklanderleg vandel etter alkohollova og føresegner i andre lover som har samanheng med alkohollova sitt formål.
Gebyr
Vi gjer merksam på at kommunen vil krevje eit gebyr for løyve og for omsett mengd av alkohol, jamfør alkoholforskrifta i kapittel 6.
Du må sende kommunen ei omsetningsoppgåve, sidan det blir krevd gebyr for omsett mengd alkohol.