Kven er løyvesøkar
Løyvesøkar er den som driv verksemda for si rekning. Dette kan anten vere ein fysisk person eller ein juridisk person som f.eks. eit ansvarleg selskap eller eit selskap med delt ansvar. Vedkommande er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytte til drifta av verksemda. Alkohollova § 1-4b.
Krav om vandel
Løyvehavar og personar som har vesentleg påverknad på verksemda, må ha vist uklanderleg vandel etter alkohollova og føresegner i andre lover som har samanheng med alkohollova sitt formål (t.d.: straffelova, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion.) og skatte- og avgifts- og rekneskapslover.
I vurderinga av om ein person har vesentleg påverknad på verksemda, kan det også taksast omsyn til personen sine nærståande sin påverknad på verksemda. Med nærståande meinast:
1) ektefelle eller person som vedkommande bur saman med i ekteskapsliknande forhold,
2) slektningar i rett oppstigande eller nedstigende linje og søsken,
3) ektefelle til person som nemnt i nr. 2, eller person som bur i ekteskapsliknande forhold saman med person som nemnt i nr. 2.
Alkoholloven § 1-7b