Ambulerande skjenkeløyve vert gitt til mindre lukka arrangement. Eksempel på arrangement: private jubileum, bryllaup og mindre jobbfestar. Arrangementet må haldast på eit avgrensa område. Det er berre dei som er invitert på førehand som kan delta på arrangementet.
Det må søkast minimum 7 dagar før arrangementet/selskapet.
Du treng ikkje søkje dersom:
- staden du søkjer skjenkeløyve for allereie har fast skjenkeløyve eller du som arrangør er eigar, leigar, drivar, eller tilsett ved lokalet det det vert søkt skjenkeløyve for.
Skjenkeløyve for einskildshøve er for opne arrangement. Eksempel på arrangement: festival, offentlege arrangement og konsertar.
Skjenkeløyve for einskildshøve er eit løyve på lik linje med eit fast skjenkeløyve, men vert berre gitt for 1-6 dagar. Det må søkast minimum 30 dagar før arrangementet/selskapet.