Ulstein kommune har etablert ei tilskotsordning
kalla “Kontantkassa”.
Ordninga gjeld så langt midlane rekk. Ein får ytelse i maks 2 år.
Dei som kan søkje om tilskot er:
Lag/foreining, som
idrettslag, korps, kor, lokallag, kulturskule og andre
Tilsette i
kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar,
barneverntenesta og andre.
Barnet eller familien kan normalt ikkje søkje
sjølv.
Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit
bidrag frå Kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein
aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande.
Kontantkassa skal ikkje vere eit håndslag til lag og foreiningar som har
utfordringar med å inndrive kontingentar.
Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at
barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til.
Vi ønskjer at det er to personar som er knytt til
barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette er meint at den som søkjer
skal hjelpe barnet til å hugse på å kome seg til aktiviteten i starten,
men ikkje at den vaksne må følgje barnet på alle aktivitetane. Oppfølging kan
også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande.
Det vert gjeve tilskot til:
-
Kontingent/semesteravgift
- Turnering/cup
- Leir
- Lommepengar
- Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar
Du kan søkje om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er mogleg å
søkje fleire gongar per år.
Du må leggje ved dokumentasjon som fakturaer eller kvitteringar.
Du kan og søkje om tilskot på førehand. Då må du ettersende
dokumentasjon.
Det er ingen søknadsfrist. Du kan søkje heile året.
Kontaktperson: Vedrana Terzic,
Tlf: 93 69 04 88
E-post: vedrana.terzic@ulstein.kommune.no