Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov til å gjere opp eld (bål, grill eller liknande) i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå Hareid og Ulstein brannvesen.
Den som brenn bål er ansvarleg for å vere til stades under bålbrenninga, syte for at bålet vert forsvarleg sløkt, og generelt ha kontroll på bålet heile tida.
Jonsokbål / sankthansbål
Jonsokafta, etter kl. 12, kan du brenne bål på stadar med liten fare for brannspreiing dersom det ikkje plagar eller uroar naboane. Du må ha løyve frå grunneigar og jonsokbål skal meldast inn til brannsjefen via dette skjemaet. Frist for innmelding av jonsokbål er 20. juni.
Ulstein kommune
UIstein kommune har lokal forskrift som definerer kvar du kan brenne, og kvar det ikkje er lov å brenne bål.
Sjekk kommunekart om bålplassen ligg i forbodsonen (for Ulstein kommune). I tilfelle må du ha spesiell løyve for bålbrenninga.
Lenke til kommunekart for Ulstein kommune med forbodssoner